Sjå kva som kjem til Ryfylke hausten 2011 – og gled deg!



”Eit spøkelse i Ryfylke”

Skromlehjulet presenterer her ei dokke­teaterforestil­ling for dei større barna. Forestillinga er basert på ei novelle av Knut Ham­sun. Vi møter Talia som opplever å sjå eit spøkel­se. Thalia blir redd, men overvinn etterkvart redselen og blir styrka av det.

Talia veks opp hos onkelen sin på preste­garden. Det var ei hard tid, og ho hadde det strengt. Ein kveld snik ho seg vekk og leikar på kyrkjegarden. Der finn ho ei fortann som ho tar med seg heim. Seinare når ho set og fiklar med tanna, dukkar det opp eit spøkelse utanfor vindauget, som manglar nettopp ei fortann. Jenta bestemmer seg då for å leggje tanna tilbake i jorda der ho fann den. Men ved kyrkjegardsporten misser ho motet, kastar tanna innover og håpar at spøkelset vil få tanna tilbake og forsvinne. Men spøkelset held fram å vise seg for jenta, heilt til ho blir vaksen. I det siste møtet mellom dei har spø­kelset fått tanna si på plass og forsvinn ut av jenta sitt liv.



Gisle Børge Styve Trio

Gjennom fleire år har trioen utvikla eit svært underhaldande, velklingande, humoristisk og vakkert musikalsk uttrykk. Trioen kosar seg, og det smittar fort over på publikum. Gisle Børge er kjent frå fredagsunderhaldning på tv, men hadde også ein flott turne i Ryfylke for nokre år sidan. Helge Harstad og Per Willy Aaserud deler scene med Gisle Børge. Mange gleder seg til å helsa på denne trioen igjen.



Villmarkskveldar med Arne Nævra

I haust vert det villmarkssus og dyreopplevin­gar når den kjente natur­fotografen og NRK- mannen Arne Nævra kjem til Ryfylke.

Gjennom kåse­ri med levande bilete på stor­skjerm kan du ta del i Nævra sine naturopplevingar både her heime og ute. Han vil fortelje om dramatisk tiurleik, nærkontakt med både brune og kvite bjørnar i Skandinavia og i Russland. Kjempeelgar i Alaska og ulveopplevingar i Østerdalen, for å nemne litt frå programmet hans.

Her får du også ei levande framstilling av historiene bak tv-seriane som Nævra er blitt kjent for. Blant anna historia om den russiske venen hans, Vitaly, som vart drepen av bjørn same dag som programmet om han vart vist i Noreg. Nævra held vanlegvis ikkje mange førestillingar som dette. Det natur- og frilufts­interesserte Ryfylke får dermed ein sjeldan sjanse til å treffe ein av dei mest profilerte naturfotografar i Norden.



Rasmus Løland

I år er det 150 år sidan Rasmus Løland vart fødd i Hylsfjorden i Suldal. Han levde eit kort, men innhaldsrikt liv, der han blant anna skreiv bøker for barn. Han var aktiv i målrørsla og var leiar av Norsk Barneblad ein periode. Sidan det er siste året i markeringa av Løland, vil det bli forteljarstunder i kulturhaust-saman­heng. Alle kommunane får besøk av Anne Elisebeth Skogen som er forteljar og busett i Suldal. Ho vil ha ulike framsyningar der ”Av og om Rasmus Løland” er tema. Forestillin­gane vil vera opne for alle, målgruppa vil i hovudsak vera mellomtrinnet og oppover.



O jul, taram - ta - tei!

Mari skal for fyrste gong ordne i stand til jul. Men korleis gjer ein det? Ei leiken forestilling med julesongar, ablegøyer, hurtige rolleskift, rim og rytme. Familieforestilling frå 3 år.


Peer Gynt

Denne framsyninga byr på utdrag frå Henrik Ibsens Peer Gynt med norsk teaters nestor, Toralv Maurstad. Han har framført stykket tal­lause gonger og vil ved dette høvet også fortelja litt om Ibsens fargerike figur, Peer Gynt. Pianisten Rune Alver, kjend mellom anna for sine Griegtolkningar, framfø­rer delar av Edvard Griegs og Harald Sæve­ruds scenemusikk.



Der ingen skulle tru at nokon kunne bu   i Rogaland

Oddgeir Bruaset besøkjer Rogaland med eit nytt biletkåseri, basert på den nye boka si. Det handlar om Rogalendingar som har levd eit ufatteleg liv, målt med vår tids auge, eit liv i slit og eit liv i fare, men òg eit liv rikt på utru­lege hendingar.


Kulturhaust i Ryfylke er støtta av Ryfylkefondet og Rogaland Fylkeskommune.

Powered by www.i-tools.no